Vekas strikkeprat: Lestar med kontstrikk
Ein av alle dei fantastiske gåvene eg fekk i år, var boka Konstrikk som er skrive av Ruth Gullbekk Bolstad.
Om du ikkje veit det, så er konstrikk ein teknikk der det er ruter som er strikka eine vegen og så går det ruter andre vegen i tilegg. Det resulterer i eit rutemønster. Du må sjå det for så skjønne det!
Det tok ikkje lang tid før eg satt i sofaen med strikketøyet i fanget og prøvde å lære meg det. Og veit de kva? Det var ikkje vanskeligare enn at eg pludra i rundt ein time, før eg fekk det til. Og som dei fleste som strikker veit; prøvelappar er ikkje det mest morosame som fins. Derfor måtte eg starte på noko. Og resultatet blei dette.
Lestar (raggsokkar, ullsokkar, whatever) med kontstrikk
Oppskrift: Sjølvlaga
Garnforbruk: 100 g svart og 50 g kvit Østlandsgarn (haha, du får det kjøpt på Nille)
Skaftet er strikka i kontstrikk, og resten som ein vanlig lest (og veit du ikkje korleis man strikker det, er det berre å spørre!). Eg har notert kva eg gjorde, så om det er nokon som er spesiellt interessert, kan eg godt legge den ut etter kvart. No må eg berre pakke dei inn, og så skal dei gis bort til ei klassevenninne i ein litt forsinka julegåve (dårlig tid før jul=gåvekort og karamellar på julaften og sjølve pakken etter nyttår).



Be the first to comment.