Gje meg inspirasjon.

Gje meg energi.
I helga starta eg å endre litt på designa på bloggen. Eg var godt i gang, men då eg blei avbrott av eit årsmøte i Stakken (som for så vidt enda med at eg blei nestleiar), forsvann litt av inspirasjonen til det. Så no kjem eg til å ha eit stygt og grått design heilt til eg blir betre. Nei, eg er ikkje sjuk, men eg er ikkje frisk heller.
I dag er det studiedag. Som alle sikkert veit er det berre noko skulen skriv på kalenderen som ei unnskyldning for at vi får vere heime å gjere ingenting mens lærarane får gjort alt dei ikkje har fått gjort før. Rettare sagt: Vi har fri i dag. Einaste grunnen til at eg nemner dette er at eg faktisk hadde planar å få gjort masse. Stå opp tidlig, få gjort geografiframlegget som eg har i morgon, pugge naturfag og lese litt engelsk. Har eg fått gjort noko? Nei. Er det med vilje? Nei. Kvifor får eg ikkje gjort noko spør du? Eg har ikkje energi. Eg sit på kjøkkenet. Slapp. Vil helst berre dette av stolen og leggje meg til å sove. Men geografileksa må gjeres. Eg veit kva eg skal skrive. Men klarar eg det? NEI!
No har eg trykka så mykje på tastaturet dei siste 5 minuttane at eg er på god veg til å bli ekstra sliten. Derfor skal eg avslutte no med å sei at eg fortsett er i live. I alle fall litt.

27/11/2009 at 23:33
Så fin blogg du har