Oi. Brev!
Eg orkar ikkje ta bilete av noko. Og eg har inga bra som de ikkje har sett før. Ja, shame on me. De får overleve med det de får!
Onsdag. Eg kjem heim, søkk sliten etter ein lang dag (okei, ikkje eigentleg) på skulen. Ved middagsbordet ligg det eit brev. Frå AFS. Eg åpnar. Oh hyler. Og flirer. Og gisper. Og mamma vurderer å hente blondineCD’n (for de som ikkje veit det, ein CD der dei seier pust inn, pust ut).
Eg er godkjent. Eg skal på utveksling til Austerrike til neste år. Eg er mållaus.
“Republikken Austerrike (Österreich) er ein republikk (føderasjon) i Sentral-Europa beståande av ni delstatar. Det er omgjeve av land på alle sider og grensar mot Liechtenstein og Sveits i vest, Italia og Slovenia i sør, Ungarn og Slovakia i aust, og Tyskland og Tsjekkia i nord.”
Kjelde: Wikipedia
Kanskje ikkje så lurt å velge eit land midt i Sentral-Europa. UTAN HAV!! Men Austerrike følast berre rett. Ikkje spør meg kvifor. Eg veit eigentleg ikkje. Det berre er rett. Det ropar JA! i hovudet mitt kvar gong eg tenkjer på det.
Det er ikkje meir å sei nett no. Eg må skrive ei novelleanalyse av ei novelle som ligg i skapet mitt på skulen. SMART Johanne! I kveld blir det bursdagsfeiring hjå ho Anna. Det kjem nok bilete (både frå den og ei anna ei i forrige veke) i løpet av veka.

