No er det ikkje frost ute lengre.

Dei lange ”frostkorna” er smelta. Det er no sølepyttar i alle gropene i vegen og gradestokken visar 5 plussgradar. Likevel har eg på meg like mykje klede som eg hadde på meg på fredag, då det var sju minus. Eg har no også ført opp Ulvangsokkar på ønskjelista mi. Når eg allereie har juksa nok og brukt dei fleire dagar på rad, må eg finne på ei ekstra nødløysing når eg skal fylle opp støvlettane mine. No har eg lestar. Det er trongt, men likevel veldig koselig.

Eg saknar allereie frosten.
Posts Tagged ‘Tankar’
I dag har eg tronge sko.
16/11/2009Jenta..
15/11/2009Ho går forsiktig inn. Ho følar seg sikker. Ho kan ikkje anna enn å føle seg sikker. Om ikkje hadde alle timane vore forgjeves. Alle dei timane med førebuingar. Alle dei timane framfor spegla. Dette kan ikkje gå galt.
Ho ser seg omkring. Ser etter fjes ho kjenner. Fjes som kjenner ho. Ho ser alle dei andre. Dei som nok ikkje har brukt like mykje tid. Dei var veldig ulik ho. Ulik til det betre. Hjartet får ein liten brest. Følelsen av sikkerheit startar sakte å tappas ut. Det er som om nokon har bora eit hol i hjartet hennar og tappar ut sikkerheita som man tappar ut lønnesirup av eit lønnetre.
Lenge går ho der og ser seg om. Ser eit par velkjente fjes, dei smilar når ho kjenner dei igjen. Ho går bort til dei. Setter seg ned og prøvar å bli med i praten. Det er ikkje så lett. Dei kjenner kvarandre veldig godt. Betre enn det ho kjennar dei. Ho blir berre sitjande å høyre på. Studere dei. Sjå på korleis dei ser ut. Noko må ho jo finne på når dei ikkje giddar å prata til ho. Dei trenger jo ikkje gjere det. Ingen av dei ser på ho to gonger.
Utanfor. Sikkerheita er borte. Ho får lyst til å gråte. Ser febrilsk på folk rundt seg. Som flirar og dansar. Som flørtar og snakkar med kompisar. Ho har ingen. Dei andre legg ikkje merke til ho lenger. Det er ingen som unnar ho eit einaste blikk. Alle timane framfor spegla følast til ingen nytte. Ho har lyst til å gå. Springe ut. Springe inn i skogen og forsvinne. Det er ingen som kjem til å sakne ho uansett. Ho seier ho må på do. Eigentleg må ho ikkje det. Men ho veit det er den einaste plassen ho kan vere åleine no. Køa er lang. Den andre ler og smilar i køa. Utilpass. Ho passar ikkje inn. Tårane pressar på. Ho går heller ut. Det er fullt også der. Auga har lyst til å studere alle rundt, men ho tørr ikkje. Enn om dei ser. Og syns ho er rar. Ho snur seg fort. No skal ho heim, gidder ikkje vere der meir. Ho krasjar i ein flokk med folk, raudar, må sjå opp. Møter ansiktet til nokon som ser nysgjerrig på ho. Nokon som ikkje berre overser ho. Ho kjennar ho likar det. Klarar ikkje gå vidare. Resten av flokken bøllar seg fram. Den andre står fortsett å ser på ho.
”Så pen du er.”
Kroppen fyllast med sikkerheit igjen. Ho smilar.
