Posts Tagged ‘Sjuk’

Eg er ikkje sjuk, berre veldig, veldig sliten!

24/02/2010

Rot

Ein liten brøkdel av rotet mitt nett no. Det har fulgt meg rundt i huset dei siste dagane, og fyrst no har eg “flytta” inn til resten av rotet på rommet.

Kvifor rydder eg ikkje? Fordi eg ikkje orker.
Ja, for det er faktisk ein grunn til at eg ikkje blogger. Ein grunn til at eg ikkje får gjort noko med alle ideane som flakser rundt i hovudet mitt (ja, dei flakser faktisk. Lager skrekkelig mykje lyd også!). Det er også ein grunn til at eg ikkje får dratt på skulen, eller gjort leksene mine. Joda – leksene blir gjort. Det berre tar fleire dagar (eg eiger ikkje konsentrasjon lenger). Det er ein grunn til at eg har dratt ei kvit løgn på fraværsregistreringa mi og sagt at eg har vondt i hovudet i staden for å sei kva som faktisk feiler meg. Korleis kan eg sei kva som feiler meg, når eg ikkje veit det sjølv? Å si at man er sliten er ingen gyldig grunn. Då tenkjer læraren at man ikkje må gjere så mykje på fritida slik at man blir sliten. Slutte å farte så ekstremt mykje rundt i helgene og heller fokusere på å ha nok energi til skuledagen. Eg kunne godt droppa alle dei tingane for å bli opplagt igjen og få meir energi. Einaste hindring er at eg ikkje gjer noko på fritida. Eg har virkelig eit liv altså! Eg sit på dataen, eg strikkar, eg høyrer litt på musikk, eg slapper av, eg eter, eg sover og eg dusjer. Kanskje eg skal slutte å dusje?

Formen var langt nede for eit par veker sidan, eg blei frisk - trudde eg – men formen blei skrall igjen i løpet av forrige veke. Eg har til tider vore så sliten at eg hadde lyst til å synke gjennom golvet. Eg har desverre funnet ut at DET, det går ikkje.. Så sliten at det gjer vondt. Og det funker ikkje å slappe av akkurat. Heile Laurdagskvelden blei brukt til å ha skrekkelig vondt i knea og Sundag var så ille at eg hadde mest lyst til å dø. STAS!

Mandagen blei brukt til legebesøk (eg orka ikkje noko anna). Han fann ingen ting. Formen er kanskje på veg oppover no (sjølv om eg er sinnsjukt sliten), men eg er veldig redd for at eg blir dårligare om eg finn på noko sprell. Laurdagen blei også brukt til slalom(Fy Johanne!) – det kjende eg VIRKELIG på kroppen etterpå! Det er for eksempel ein leir på Soltun som eg godt kunne tenke meg å dra på. Eg veit ikkje om eg burde.

Kva enn eg ender opp med så skal eg i hvertfall bruke størstedelen av vinterferien på å ladde opp til tida etter ferien. Eg vil heller ha det gøy og ikkje tenke på helsa!

Men uansett.

Korleis har du det i dag?

Sjukdom – ein sann inspirasjonsdreper!

07/02/2010

Innlegg 07/02-10 del 1
Innlegg 07/02-10 del 2

Btw. Dette var jo nesten litt gøy jo.!

"Johanne sitt nedslagsfelt" leveres av Bloggbyen.com    Beskyttet av Akismet     Er noe du lurer på? Kontakt oss!     Lag din egen blogg!
New York - Hotell og flyreiser