RSS Feed
jan 18

NÅLK – ei oppleving for livet!

Posted on mandag, januar 18, 2010 in Kvardagen

Igjen har NÅLK levd opp til alle forventingar.

Men kva er då NÅLK?
NÅLK er Laget i Nord sin nyttårsleir som i år var på Soltun fhs. utanfor Harstad. Der samles ungdommar frå heile Nord-Noreg til ei fantastisk nyttårsfeiring, i tillegg til bibeltimar, nye vener og ikkje minst JESUS!

Det som er så flott med Laget sine leirar, er at dei er gjennomførte på alle plan, dei ordnar i tillegg transportmåtar for alle som skal komme. Det gjorde at alle dei frå Troms og Finnmark (okei, berre Alta) tok buss dagen før det starta, slik at dei både sparte penger OG fekk seg ein sosial tur dit også. Det enda faktisk opp med at eg så fram til ein 5 timars busstur frå Tromsø til Evenskjer (der Soltun ligg), og det skal eg sei deg, det skjer ikkje ofte!


Folk ofra seg for misjonen (Bridgebuilders) – I dette tilfellet, meg og ei vennninne sa ja til å få fingrane til ein anna i øyret /
Søteste Gjertrud

Heile leiren var stappa full av fantastiske folk frå 8. klasse til 3 vidaregåande (også omtalt som Krussen, sidan dei ville vere Kruss i staden for vanleg Russ). Det var bibeltimar kvar dag med små grupper etterpå der vi snakka om det dei snakka om på bibeltimen (Of course!), kveldsmøte med andakt, lovsong og forbøn, og den beste nyttårsfeiringa man kan sjå for seg. Deilig middag og dessert, hysterisk morosam underhaldingskveld, nyttårsgudstjeneste, DIIIIIGERT kakebord og nyttårsturnering. Aaaah.. Me like!

Barske Menn viste historia om Moses på 5 minuttar /Lagsleir.com

Etter ein dag og ei våkenatt utan ordentlig mat (mi skuld alt saman!), og ein busstur med fantastiske folk og høgtlesing frå boka “bæsj” var det ikkje vanskelig å få sove, men det er fyrst no  eg “endelig” har fått bort den tomme følelsen eg alltid sitt på og den hese “NÅLK-stemmen” eg alltid har etterpå. For to veker sidan var eg i tillegg for å sjå Bragerevyen (revyen på skulen min) og det var ikkje i nærheita så artig som en brøkdel av underhaldinga på NÅLK. Det seier vell litt?

jan 12

Vêrprat? No thank you..

Posted on tirsdag, januar 12, 2010 in Kvardagen

Ettersom vêret her i Noreg har vore til mange andres irritasjon, tok eg meg sjølv i å skulle skrive om vêret. Eg lukka vindauget og satsa på at eg skulle komme med noko betre seinare. Eg har då fleire ting å formidle enn vêret? Yes, I do!
Naustet i Senjahopen
Naustet i fjæra, nedfor bestemor i Senjahopen

Den siste vekas “høgdepunkt” (Ja, eg er også fan av lister!):

- Heimkomst etter NÅLK (kjem ein eigen post om dette – må berre finne nokon brukbare bilete. Eg tok ingen).
- Massakretrussel mot skulen min — alle går rundt og er skvettne på grunn av diverse rykter som sprer ekstra frykt i tillegg til vår kjære mister Media som ikkje har overdrevet før i det heile tatt.
- Begravelse i dag, til min kjære onkel Sverre (grandonkel kanskje?)
- Eg har fått tilbake mi kjærleik for Harry Potter og høyrer på bøkene på engelsk for harde livet (Okei, ikkje nett no — det er så spanande at eg treng ein liten pause)
- Produksjon av artige ting er i full gang — I will show you!
- Lysten til å gjere skulearbeid har kommet igjen.
- Eg har fått Spotify (I’m in løøøøøøøøøøøv!)

Som ein følge av latskap må eg gjere det slik. Det blir for teit å skulle skrive alt om alle dei i kvar sin post. Eg vil ikkje spamme meg sjølv heller.

des 28

So long, and thanks for all the fish

Posted on mandag, desember 28, 2009 in Kvardagen

No stikk eg for godt (kødda, vi snakkes etter nyttårshelga).

Eg er ikkje riktig klok nett no, for gjett kva!?! Eg gledar meg faktisk litt. Til ein fire timers lang busstur. Ring sjukebil!!
Men det er nok ikkje bussturen i seg sjølv eg gledar meg mest til, det er det som er i enden av den.

For no skal eg på NÅLK! Årets høgdepunkt. Laget i Nord-Noreg sin absolutt beste leir. Og der skal eg vere heilt til Laurdag. Åh, som eg gledar meg. For å illustrere kor gal alle som drar på NÅLK er slenger eg med dette biletet:

Gruppebilde1

des 20

Fjerde søndag..

Posted on søndag, desember 20, 2009 in Kvardagen

adventsstake

Vi tenner et lys, så tenner vi to og siden det tredje så gjerne. Når vi har tent fire, hva hender vell da? Jo da tenner Gud en stjerne.

Fjerde søndag i advent. 4 dagar til jul og 8 dagar til eg sit på bussen til NÅLK. Det er unødvendig å nevne at eg gledar meg.


Copyright © 2009 - Johanne sitt nedslagsfelt
Drives av Patrick Leisegang     Protected by Akismet     Lag din egen blogg
Blogglisten