Bileteprat!
Når er det eigentlig akseptert å ta bilete?
Det er ei problemstilling eg ofte tenker på. For eg liker å ta bilete, men sidan eg aldri veit når det blir plagsomt at eg tar det, lar eg heller vær. Det er på skulen at eg saknar eit digitalt kamera, eit lite kamera som eg kan ha i lomma. For ja, eg er utrulig glad i speirefleksen min, men vi kan ikkje sjå bort i frå at den er diger. Kanskje ikkje digert i speilreflekskamerastorleik, men det er ikkje noko eg har plass til i skulesekken. Og sidan det mest innhaldsrike i livet mitt skjer på skulen, er det klårt at eg ikkje får tatt så mange bilete av kva som skjer i livet mitt.
Og når eg ikkje er på skulen, men fortsatt saman med vener, og eg godt kunne tenkt meg til å forevige det, veit eg ikkje om det blir for påtrengande å ta opp kameraet. Og i tillegg til at eg føler meg litt utilpass når eg tar bilete, må eg også ha blitz. Eg HATAR blitz! Særlig blitzen på kameraet mitt. I tillegg til å blende alle i rommet, blir lyset i biletet ikkje noko særlig å skryte av.
Eit av mine mange ønske for i år er at eg skal få ta fleire bilete av ting eg opplever, men dette forhindrar meg litt i å gjere det. Så eg spørr dykk:
Når er det greit å ta opp kameraet, og når er det berre slitsomt om ein gjer det?
Og ironisk nok har eg ikkje eit bilete som passar til dette. Og eg skal ærlig innrømme at eg er litt lei av paint (og mine fantastiske skilzzzzz)!
Eg holdt på å døy.
Det var swingkurs i helga. Eg elskar swing. Og de skal få vite kor mykje eg elskar det i eit eiga innlegg. Eg må berre få skreve det snart. Eg trur faktisk det kjem til å bli kjempebra! Uansett. Poenget med å nemne swingen var det at eg nesten mista bussen då eg skulle dit på laurdagen. I seg sjølv er ikkje det så ekstremt stort. JO! Poenget mitt er at eg plutselig fikk dårleg tid og hadde heller ikkje ete frukost. Og man drar ikkje på swingkurs utan mat i magen. Så der sprang eg. Med brødskiva og kvitost i handa. Eg kom fram til busstoppet og bussen var ikkje der. Okei, det var ikkje slik at eg sprang etter bussen, eg berre trudde at han hadde køyrt. Der stod eg. Ei dama forsikra meg om at den ikkje hadde køyrt. Eg kasta halve brødskiva då den ikkje var noko god lenger og tok fram vatnflaska for å slukke tørsten. Kva ellers gjer man med ei vatnflaske? No kan ikkje eg sei uansett enda ein gong fordi eg allereie har skreve det før i innlegget. Men UANSETT! Bussen kjem. Eg stappar vatnflaska fort i veska og dreg opp pengeboka. ”Stiger på bussen” og setter meg på ein av dei vanlege plassane. Oppdagar at vatnflaska var open. Lukkar den og tenkjar ikkje meir over det. Før eg kom fram. Det var litt for fuktig i veska. Eg dreg opp kameraet. Min kjære Canon 450D. Ser fort på det. Forsikrar meg om at det ikkje er øydelagt. Gjer det til Vårin, ei kjær dansevenninne som ville sjå på det, i god tru om at det ikkje var øydelagt. Ho skur det på. Og det startar å ta bilete. Av seg sjølv. Det var ikkje berre sært, men også skremmande. Utruleg skremmande. Kvar gong det blei skrudd på starta det å ta bilete. Klikka heilt mongo. Eg var på gråten. Etter å ha hatt kameraet i ein knapp månad kunne det ikkje vere ødelagt.
Neida. De treng ikkje uroe dykk. Kameraet var ikkje veldig øydelagt. Etter to dagar på badegolvet har det no nesten i perfekt stand. Skjermen er litt koko, men det må eg vell berre lære meg å leve med? Du anar ikkje kor lykkeleg eg blei då eg fann ut at det var nesten uskadd.
Eit av bileta Vårin ”tok” blei faktisk litt kul. Ja det er redigert. Max overredigert forsåvidt. Korleis skulle eg ellers få skjult alle folka i bakgrunnen som eg ikkje vil legge ut på bloggen?
Helga har då altså brakt med seg sorgar og gledar. Den har også fortelt meg at dette aldri kjem til å bli ein blogg som http://gruo.blogg.no eller http://reidunbeate.com. Det rett og slett fordi det er alt for flaut at folk eg kjennar kan lese det. Ein ting vil eg derimot sei: Skriving er finfin terapi for dei som ikkje har noko samtalepartnar i nærmaste nærheit.
Dagens digresjon: Er det nokon som har lyst til å lage eit design til meg? <– Klisjespørsmål, I know!
Blubb blubb



Endelig fikk eg posta disse fiskebileta som eg tok i går. I tolvtida sprang eg bort til kamerabagen for å laste bileta inn på dataen for å redigere litt og så for å vise dykk. Einaste hindringa var at kamerabagen ikkje var der. Den var på fisketur. Skuffa!!
Så no, i staden for å førtelje dykk alt eg fant ut at eg burde gjere før eg tar bilete av fisk i akvarium, så skal eg dedikere dette innlegget til eit ønske eg har fått. Nemlig ønsket om å eie eit eiget spegelreflekskamera. Fikk du med deg det mamma?
Eg fordrar nemlig ikkje tanken om å ha eit spegelreflekskamera som eg kan ta bilete når eg vil med og som eg kan ha med meg kor som helst. Eit kamera som er mitt ansvar og som eg ikkje kommer til å trenge å spørje om lov om eg har lyst til å ta det med meg til ein plass utenfor vår eigedom. Ikkje det at eg har trengt det enda, men det kan jo hende at eg vil det etter kvart.
No skal eg skrive ned alt som er galt med dataen min, ete litt meir svele, kanskje sjå ein film og strikke videre på ein sokk. Kva skal du gjere i kveld?
Pappa, det skjer ikke..
For å kunne sette mine planer om å kjøpe et digitalkamera til live, tenkte jeg at jeg skulle være smart å spørre pappa om råd. Han er jo trossalt den store “fotoeksperten” i huset.
Det han ender opp med å anbefale, er at jeg kan kjøpe det gamle kompaktkameraet til familien, siden det ikke er i bruk. Men halloo? Har du sett kameraet? Det er stort, stygt og er ikke noe jeg har lyst til å drasse rundt på.
Bare se på det:

Bare for å gjøre det klart. Jeg er en jente, jeg vil ha ting som jeg synes ser fint ut. Jeg bruker veske eller sekk. I det har jeg veldig mange ting. Jeg har ikke plass til et kamera som er så stort.
Det jeg så for meg, var det at han kom til å anbefale et helt nytt kamera, det er det jeg er ute etter!
Noe sånn her :

Lekkert!
Fatter dere? Jeg vil ha et søtt kamera. Ikke en stor klump av en dings som er tom for batteri..

