Ettersom vêret her i Noreg har vore til mange andres irritasjon, tok eg meg sjølv i å skulle skrive om vêret. Eg lukka vindauget og satsa på at eg skulle komme med noko betre seinare. Eg har då fleire ting å formidle enn vêret? Yes, I do!

Naustet i fjæra, nedfor bestemor i Senjahopen
Den siste vekas “høgdepunkt” (Ja, eg er også fan av lister!):
- Heimkomst etter NÅLK (kjem ein eigen post om dette – må berre finne nokon brukbare bilete. Eg tok ingen).
- Massakretrussel mot skulen min — alle går rundt og er skvettne på grunn av diverse rykter som sprer ekstra frykt i tillegg til vår kjære mister Media som ikkje har overdrevet før i det heile tatt.
- Begravelse i dag, til min kjære onkel Sverre (grandonkel kanskje?)
- Eg har fått tilbake mi kjærleik for Harry Potter og høyrer på bøkene på engelsk for harde livet (Okei, ikkje nett no — det er så spanande at eg treng ein liten pause)
- Produksjon av artige ting er i full gang — I will show you!
- Lysten til å gjere skulearbeid har kommet igjen.
- Eg har fått Spotify (I’m in løøøøøøøøøøøv!)
Som ein følge av latskap må eg gjere det slik. Det blir for teit å skulle skrive alt om alle dei i kvar sin post. Eg vil ikkje spamme meg sjølv heller.
