Bileteprat!
Når er det eigentlig akseptert å ta bilete?
Det er ei problemstilling eg ofte tenker på. For eg liker å ta bilete, men sidan eg aldri veit når det blir plagsomt at eg tar det, lar eg heller vær. Det er på skulen at eg saknar eit digitalt kamera, eit lite kamera som eg kan ha i lomma. For ja, eg er utrulig glad i speirefleksen min, men vi kan ikkje sjå bort i frå at den er diger. Kanskje ikkje digert i speilreflekskamerastorleik, men det er ikkje noko eg har plass til i skulesekken. Og sidan det mest innhaldsrike i livet mitt skjer på skulen, er det klårt at eg ikkje får tatt så mange bilete av kva som skjer i livet mitt.
Og når eg ikkje er på skulen, men fortsatt saman med vener, og eg godt kunne tenkt meg til å forevige det, veit eg ikkje om det blir for påtrengande å ta opp kameraet. Og i tillegg til at eg føler meg litt utilpass når eg tar bilete, må eg også ha blitz. Eg HATAR blitz! Særlig blitzen på kameraet mitt. I tillegg til å blende alle i rommet, blir lyset i biletet ikkje noko særlig å skryte av.
Eit av mine mange ønske for i år er at eg skal få ta fleire bilete av ting eg opplever, men dette forhindrar meg litt i å gjere det. Så eg spørr dykk:
Når er det greit å ta opp kameraet, og når er det berre slitsomt om ein gjer det?
Og ironisk nok har eg ikkje eit bilete som passar til dette. Og eg skal ærlig innrømme at eg er litt lei av paint (og mine fantastiske skilzzzzz)!
Eg burde starte å skrive overskrifta fyst..
I går stakk eg innom Atle sin blogg, der han hadde skreve ein post om Will and Grace med ein video med ein haug av bloopers frå den serien.
Det starta sjølvsagt mit jag etter bloopers igjen..
No har eg igjen set gjennom alle bloopers eg kan finne frå Friends og Will and Grace og har ekstremt lyst til å klikke meg gjennom alle fra Kings of Queens (eller noko), men eg skal legge meg snart i staden.
Ja, for meg er det avhengigheitsskapande. Og er like bra om du ser dei med eit par månaders mellomrom.
I går var eg på Swingkurs (O.o) og i morgon skal eg på fotokurs. Swingkurset skal eg skrive om ein annen gong, mens fotokurset får kanskje utspill her på bloggen i form av bilete (nei, ikkje noko bilete no heller). Temaet på kurset er tydeligvis Jesus i bilder. Det trur eg blir flott, for eg har ikkje akkurat vore flinkast til å bruke tida mi på det eg burde (type passe på å ha ein relasjon med Gud). Eg gleder meg, sjølv om eg blir nødt til å stå opp umenneskelig tidleg. Kanskje eg skal prøve å bli litt Gud slik at eg kan klare det?
Men seriøst..
Skule, søvn og mat tar opp all tankeenergien min no (blablabla), og eg er glad eg får andre ting å tenkje på no. Då får eg nok meg inn i den rytmen eg hadde før sommarferien (visste du at ferie er das Urlaub på tysk?). Det er ikkje bra for meg å ha to (2) dagar der eg er ferdig klokka 16.00..
Peace out!
Fotomani?

Eg veit ikkje om denne fotomanien min berre er noko midlertidig eller om den kjem til å vare meir enn ein måned. Det eg derimot veit er at eg har forelska meg i lang lukkertid-funksjonen på kameraet vi har. Mens eg og Isak (som sagt, min kjære lillebror) satt og kjeda oss, tok eg det fram og han starta å turne i sofaen. Litt over middels underholdane iallefall!!

I Brøstadbotn har dei eit lite folkebibliotek som eg gjerne kunne tenkje meg å benytte meg av. 3 bøker blei lånt inn, men berre ei lest. No i dag fann eg ut at det nok var lurt om eg leverte inn bøkene før vi farter heim til byen igjen. Ettersom pappa var så fantastisk snill å frakta alle syklane våre hit, tenkte eg at eg kunne sykle dit.
Ikkje tenkte eg på at regnet hadde planar om å lyse med sin tilstedeværelse på veg heim igjen, og lite visste eg at vinden kom til å gjere sånn at alt regnet havna på brillene mine.
Rompa mi er ikkje særlig glad i meg lengre, men eg er stolt over at eg har sykla ei mil i dag (håhåhå, slå den du!)
I morgon er det tut og kjøyr tilbake til Tromsø. Og det betyr også at det ikkje er lenge igjen til skulen starter. Eg kan ikkje sei at eg ikkje gleder meg, men samtidig gleder eg meg ikkje. Eg kan jo ikkje gå rundt å glede meg som ein fysteklassing, for det er jo ikkje sosialt akseptert. Nei veit du kva, eg seier det rett ut: Eg gleder meg som ein liten unge til å starte på skulen. Nye folk, nytt miljø, nye ting å lære. Eg er skikkelig klar til å lære nye ting igjen. Vi får berre håpe at det varer ut skuleåret..
Ta vare på deg sjølv no, til neste gong du er her inne!
