Posts Tagged ‘bursdag’

Bloggen har bursdag!

28/01/2010

Og no er det et år sidan eg starta bloggen min! Eg kunne gått fleire rundar rundt grøten og ramsa opp masse unødvendig fakta om bloggen, men eg er ikkje i humør til det nett no.

Hadde eg hatt tid, hadde eg faktisk feira den med ei ordentlig sjokoladekake, men sidan eg ikkje har det måtte paint stå for jobben (ja, eg har syyyykt dilla på paint nett no!). Og forresten mamma, om du leser dette: Eg ønsker meg eit teiknebrett.!

Dagane går til strikking, lekser, lesing, lekser, skule, lekser og enda meir strikking. Berre halvparten av tingane er ting eg vil bruke tid på, og til gjengjeld går minsteparten av tida med til det i tillegg. Vakkert liv!

Vi sjåast seinare, ein gong eg både har tid og energi (og kanskje har fått designet til å funke slik som eg vil)!

Snaaaaart bursdag!!

05/11/2009

YouTube Preview Image
Når man drøymer om ein song, må man berre høyre på den i vaken tilstand også!

Gjett kor eg er! Jess, i senga sjølvsagt.. Er det der eg vil vere? NEI! Eg vil vere frisk. Eg vil dra på skulen. Ikkje fordi det er skulen, for det kan man faktisk godt unnvere, men fordi eg då kan gjere ting på fritida. Er man borte frå skulen er man jo stuck heime resten av dagen også. Og det er jo Torsdag! Det er swingkurs og dansekveld. Eg vil på dansekveld!!! (Oi, overdrevent bruk av utropsteikn..) Men uansett. No lagar eg ei liste over kva eg skal gje i julegåve til kven (hint hint, sjekk ut ønskelista mi til høgre!), for det må til! Betre å starte tidleg enn aldri!

Og forresten! Eg har bursdag i morgon!! Gjett kven som gledar seg som ein unge? Det skal bli SÅ godt å sei at eg er 16! Sjølv om eg då må betale vaksenbillett på bussen.. I tillegg til det som står til høgre (hinthinthint) så ønskjer eg meg ein frisk kropp og eit par bilettar til årets Tromsøpalmen-forestilling.. Heng i altså!

Og god natt..

"Johanne sitt nedslagsfelt" leveres av Bloggbyen.com    Beskyttet av Akismet     Er noe du lurer på? Kontakt oss!     Lag din egen blogg!
New York - Hotell og flyreiser