RSS Feed
mar 10

Køyring er.. kjedelig!

Posted on onsdag, mars 10, 2010 in Bilete

Du har kanskje gjetta det, og du har nok også gjetta rett. Dette innlegget handlar om biltur. Eg skal derimot vere snill og ikkje plage dykk med kor mykje eg misliker å sitte i bil i meir enn ein halv time om gongen og at kjøring om vinteren blir ein pest og plage sidan det er svart overalt. Det eg derimot skal gjere er å vise dykk eit knippe (ok, alle dei eg blei fornøgd med sidan eg ikkje klarte å velje) bilete som eg tok sist vi køyrte til Senjahopen (ei veke sidan). Det er lenge sidan eg faktisk har overlevd ein biltur på tre og ein halv time. Det berre av to grunnar:
1. Det var lyst ute
2. Eg satt og strikka og tok bilete i ett!
Kjempegøy!

Meg

Bil

Lavangsdalen

Lavangsdalen

Nordkjsobotn

Nordkjosbotn?

Skyar på Vollan

På tur

Skyar på Vollan

Sola

Segla

Mefjordbotn

I Mefjorden

I Mefjorden

Eg har plassert bileta nogenlunde kronologisk, men de kan jo ikkje vegen så eg hadde strengt talt ikkje trengt det.
Men uansett!
Plutselig kjem det fleire bilete frå Senjahopen, men før den tid skal både du og eg få oss ein god natts søvn (fordi vi fortjener det!)

Poff!

jan 29

Bileteprat!

Posted on fredag, januar 29, 2010 in Kvardagen

Når er det eigentlig akseptert å ta bilete?
Det er ei problemstilling eg ofte tenker på. For eg liker å ta bilete, men sidan eg aldri veit når det blir plagsomt at eg tar det, lar eg heller vær. Det er på skulen at eg saknar eit digitalt kamera, eit lite kamera som eg kan ha i lomma. For ja, eg er utrulig glad i speirefleksen min, men vi kan ikkje sjå bort i frå at den er diger. Kanskje ikkje digert i speilreflekskamerastorleik, men det er ikkje noko eg har plass til i skulesekken. Og sidan det mest innhaldsrike i livet mitt skjer på skulen, er det klårt at eg ikkje får tatt så mange bilete av kva som skjer i livet mitt.

Og når eg ikkje er på skulen, men fortsatt saman med vener, og eg godt kunne tenkt meg til å forevige det, veit eg ikkje om det blir for påtrengande å ta opp kameraet. Og i tillegg til at eg føler meg litt utilpass når eg tar bilete, må eg også ha blitz. Eg HATAR blitz! Særlig blitzen på kameraet mitt. I tillegg til å blende alle i rommet, blir lyset i biletet ikkje noko særlig å skryte av.

Eit av mine mange ønske for i år er at eg skal få ta fleire bilete av ting eg opplever, men dette forhindrar meg litt i å gjere det. Så eg spørr dykk:

Når er det greit å ta opp kameraet, og når er det berre slitsomt om ein gjer det?

Og ironisk nok har eg ikkje eit bilete som passar til dette. Og eg skal ærlig innrømme at eg er litt lei av paint (og mine fantastiske skilzzzzz)!

nov 16

I dag har eg tronge sko.

Posted on mandag, november 16, 2009 in Kvardagen

No er det ikkje frost ute lengre.
heart in winter
Dei lange ”frostkorna” er smelta. Det er no sølepyttar i alle gropene i vegen og gradestokken visar 5 plussgradar. Likevel har eg på meg like mykje klede som eg hadde på meg på fredag, då det var sju minus. Eg har no også ført opp Ulvangsokkar på ønskjelista mi. Når eg allereie har juksa nok og brukt dei fleire dagar på rad, må eg finne på ei ekstra nødløysing når eg skal fylle opp støvlettane mine. No har eg lestar. Det er trongt, men likevel veldig koselig.
outside
Eg saknar allereie frosten.


Copyright © 2009 - Johanne sitt nedslagsfelt
Drives av Patrick Leisegang     Protected by Akismet     Lag din egen blogg
Blogglisten