RSS Feed
feb 13

Meg? Vikar? Konfirmantar? Oi!

Posted on lørdag, februar 13, 2010 in Kvardagen, Livet med Jesus

Eg trur eg tok meg mange tusen liter vatn over hovudet når eg sa eg kunne vere vikar og ha konfirmasjonsundervisninga for ei gruppe konfirmantar i menigheita på Onsdag. Ekstremt mange tusen!

Eg var nok i ekstase – for at menigheita endelig hadde tatt kontakt og spurt om eg ville bidra med noko. For etter å ha søkt om støtte til å dra på NÅLK, fekk eg (for fyrste gong sjølv om eg har vore på fire leirer OG fått støtte) eit brev der dei sa at eg kunne få støtte og at dei gjerne ville at eg skulle bidra med noko om eg kunne. Det er det eg har hatt mest lyst til sidan før eg blei konfirmert (og det er faktisk to år sidan no. Oi, eg er jo snart gamal!), men eg burde nok hatt nokon som kunne komme å be meg om å roe meg ned eller noko!

At eg hadde eit stort basseng med vatn i ein tynn tråd over meg, gjekk ikkje opp for meg før eg satt i gangen i kjerka, i ein haug med lekser (som fortsett ikkje er gjort), og prøvde å tenke på korleis eg skulle sei ting. Jesus som frelsar var temaet eg fekk. Ikkje lite altså. Størelsen på temaet gjekk heller ikkje opp for meg før eg satt der (og stappa i meg kjeks som eg hadde som niste. Flink til å pakke nok matpakke? JESS, alltid!).

I løpet av veka var nok det det eg ba mest om og hadde Gud hadd ein spam-boks i “bønneinnboksen” sin, hadde nok den blitt fyllt til randen i løpet av den siste halvtimen før timen starta. Eg har ALDRI vore så nervøs for noko før.!

Eg gjorde mitt beste, men var relativt frustrert når eg gjekk ut av rommet etterpå. Forventingane mine veit eg at var høge, og sjølvsagt oppfylte eg ikkje mine eigne krav. Eg sa ingenting på den måten eg ville sei det, og eg kan ikkje akkurat sei at konfirmantane var særlig samarbeidsvillige heller. To snakka som ein foss, og resten stirra tomt ut i lufta. Nei, Johanne – den der var slem! Ikkje alle så ut i lufta. I ettertid innser eg at flesteparten fulgte med – det var berre eg som ikkje så dei (sjølvsagt gjorde eg det eg var mest redd for at eg skulle gjere!). Eg ser også at eg faktisk sa det på ein bra måte, det berre var ikkje heilt som planlagt.

Vatn over hovudet eller ikkje, dette er absolutt noko eg har lært av. Eg har lært meir om korleis eg kan fortelje om Jesus til folk og eg har også lært meir om meg sjølv og mine forventingar til ting. Eg er normalt ikkje redd for å dumme meg ut – men eg er livredd for at det skal skje mens eg snakkar om Gud til folk som kanskje ikkje er kristen. Eg veit kva eg kan bli betre på og kan no i ettertid faktisk tenke meg å gjere det igjen. Det til tross for at eg var meir nervøs enn ein.. ja.. eg kjem ikkje på noko nett no.

Kva med deg? Kva har du lært om deg sjølv den siste veka?

feb 12

Ny Facebook – spenning i kvardagen!

Posted on fredag, februar 12, 2010 in Kvardagen, Tankar

Eg synes det er like artig kvar gong Facebook endrer på design og funksjonar. For ja, som ein sjølvdiagnostisert Facebook-avhengig er dette noko som også opptar meg. I mi Facebooktid har Facebook endra drastisk på designet sitt heile 3(4? Hugser ikkje heilt..) gonger, og kvar gong skjedde det samme.

Eg treng vell ikkje ein gong gje eksempel? Men eg gjer det uansett. Statusoppdateringar om kor stygt det er og at det forrige var mykje betre, og øyeblikkelig laging og påmelding inn i grupper dedikert til dette (men sidan det har vore ein heil haug med forandringar, kor mange sånne grupper finnes det eigentleg?). Merkelig nok skjedde dette forrige gong Facebook blei endra også.

I år var det meir spenning rundt det for min del i hvertfall. For gjett kven som ikkje fekk det nye designet med ein gong? Jo, meg. Folk klaga, eg lo, folk meldte seg inn i grupper, eg himla med auga, folk sa dei ikkje ville ha Facebook meir, og eg sa at det kom aldri til å skje.

For min del var det ei positiv overrasking når designet kom på plass hjå meg. Etter 30 sekundar med undersøking fann eg alle dei viktigaste funksjonane og fortsette livet mitt på samme måte som før.

For å sitere meg sjølv:

For oss som ikkje bryr oss er forandringene på Facebook ein artig affære, for dei som er firkanta og ikkje vil ha endringer i kvardagen ein sorg. Så frå meg til dei sistnevnte: Get over it!

feb 8

Vekas Strikkeprat II

Posted on mandag, februar 8, 2010 in Handarbeid, Strikking

Og no var det tid for litt strikkenerding igjen. Det har fyrst no gått opp for meg at eg er strikkegal. Ikkje berre strikkeinteressert, men rett og slett strikkegal!

I tillegg til andre rariteter som lester og skjerf, har eg fått dilla på pulsvarmare. Og det er ikkje snakk om pulsvarmare av tjukt garn og tjukke pinnar – her er det snakk om DROPS Alpaca (<3) med pinnestørelse 3. No problemo für moi!

Pulsvarmer

Oppskrift

Pulsvarmer

Eg liker oppskrifter med eit mønster som lett sett seg i hendene og som gjer at man kan strikke det utan eit mønster forran seg (type TV, skulen, på besøk og kanskje på bussen). Det som også er fint med pulsvarmarar er at du ser framgangen så fort. Ikkje noko negativt for meg som synes det blir ekstra artig da. Dei rosa strikka eg på eit par dagar – det blir så idiotisk å sei dagar, sidan eg ikkje har site konstant å strikka og har strikka på andre ting i tillegg! – , mens dei kvite tok ei veke (fordi eg ikkje hadde tid eller energi til det akkurat da -strikkeabstinenser er ikkje gøy-).

Pulsvarmer

I samme slengen som at eg vil anbefale oppskrifta og alt det der, vil eg nemne at eg endelig har fått kjøpt meg strikkepinner i Bambus – og eg kan sei allereie no: det blir ikkje dei siste. Himmel på jord å bruke dei! Og forresten, de burde legge meg inn på mentalt sjukehus eller noko. For på leiting etter Alpacagarn i lys rosa (ikkje griserosa), kvit og lyse blå og grønn-nyansar (eg har fått ei stor bestilling på Pulsvarmarar faktisk, eg er ikkje verdens største fan av rosa akkurat), blei eg lett (les: veldig) frustrert når eg så at hylla med Alpacagarn nesten var tom.

Pulsvarmer

Siste skrytebilete no før eg avslutter. No skal eg vende tilbake til strikkinga (i staden for å lese om universet i naturfag) og kanskje høre litt til på Harry Potter.

Neste veke blir det eit gedigent sokkeangrep frå meg. Etter ein stor sokkeshoot (hahaha), så eg at alle bileta sjølvsagt var  ute av fokus eller for mørke og dermed heilt ubrukelege.

feb 7

Sjukdom – ein sann inspirasjonsdreper!

Posted on søndag, februar 7, 2010 in Handarbeid, Kvardagen, Strikking, Tankar

Innlegg 07/02-10 del 1
Innlegg 07/02-10 del 2

Btw. Dette var jo nesten litt gøy jo.!

jan 29

Bileteprat!

Posted on fredag, januar 29, 2010 in Kvardagen

Når er det eigentlig akseptert å ta bilete?
Det er ei problemstilling eg ofte tenker på. For eg liker å ta bilete, men sidan eg aldri veit når det blir plagsomt at eg tar det, lar eg heller vær. Det er på skulen at eg saknar eit digitalt kamera, eit lite kamera som eg kan ha i lomma. For ja, eg er utrulig glad i speirefleksen min, men vi kan ikkje sjå bort i frå at den er diger. Kanskje ikkje digert i speilreflekskamerastorleik, men det er ikkje noko eg har plass til i skulesekken. Og sidan det mest innhaldsrike i livet mitt skjer på skulen, er det klårt at eg ikkje får tatt så mange bilete av kva som skjer i livet mitt.

Og når eg ikkje er på skulen, men fortsatt saman med vener, og eg godt kunne tenkt meg til å forevige det, veit eg ikkje om det blir for påtrengande å ta opp kameraet. Og i tillegg til at eg føler meg litt utilpass når eg tar bilete, må eg også ha blitz. Eg HATAR blitz! Særlig blitzen på kameraet mitt. I tillegg til å blende alle i rommet, blir lyset i biletet ikkje noko særlig å skryte av.

Eit av mine mange ønske for i år er at eg skal få ta fleire bilete av ting eg opplever, men dette forhindrar meg litt i å gjere det. Så eg spørr dykk:

Når er det greit å ta opp kameraet, og når er det berre slitsomt om ein gjer det?

Og ironisk nok har eg ikkje eit bilete som passar til dette. Og eg skal ærlig innrømme at eg er litt lei av paint (og mine fantastiske skilzzzzz)!

jan 28

Bloggen har bursdag!

Posted on torsdag, januar 28, 2010 in Kvardagen

Og no er det et år sidan eg starta bloggen min! Eg kunne gått fleire rundar rundt grøten og ramsa opp masse unødvendig fakta om bloggen, men eg er ikkje i humør til det nett no.

Hadde eg hatt tid, hadde eg faktisk feira den med ei ordentlig sjokoladekake, men sidan eg ikkje har det måtte paint stå for jobben (ja, eg har syyyykt dilla på paint nett no!). Og forresten mamma, om du leser dette: Eg ønsker meg eit teiknebrett.!

Dagane går til strikking, lekser, lesing, lekser, skule, lekser og enda meir strikking. Berre halvparten av tingane er ting eg vil bruke tid på, og til gjengjeld går minsteparten av tida med til det i tillegg. Vakkert liv!

Vi sjåast seinare, ein gong eg både har tid og energi (og kanskje har fått designet til å funke slik som eg vil)!

jan 25

Johanne og sola:

Posted on mandag, januar 25, 2010 in Kvardagen


Den følelsen fekk eg inni meg da eg så sola i dag!

Paint får skildre dagens høgdepunkt for dykk. DAF-kurset i helga sleit meg heilt ut, og no skal eg kurere raspjernstemme med å snakke litt ekstra. Kryss fingrane for at folk høyrer kva eg seier under framlegget i neste time!

jan 21

Soldagen!

Posted on torsdag, januar 21, 2010 in Kvardagen

I dag var det soldagen i Tromsø. (Oja, om det er nokon søringar der ute som ikkje veit kva det er — det er fyrste dagen vi kan sjå sola etter mørketida (<3). Eg har nesten gløymt korleis ho ser ut.) Eg trur ikkje nokon fekk sjansen til å sjå sola. For gjett kva som glimra med sitt nærvær (for fyrste ordentlige gong på Gud veit kor lenge)? Jo, tåka var visst i humør til å ligge som eit teppe over heile byen. Great!


Paintskillz for da vinn!

Men eg skal ikkje klage. For i tillegg til å få solbolle på skulen, fekk vi solbollar i grillhytta til borretslaget. Sidan nesten ingen kom, fekk vi som var der spise ekstra mange. No har eg ikkje lyst på fleire. Eg åt fem.

jan 19

Neida kjære, eg treng ikkje kjetting!

Posted on tirsdag, januar 19, 2010 in Kvardagen

Ingen liker glatte veger. Men det at man ikkje liker noko, er ikkje synonymt med at man kan la hjernen vere heime. Desverre var det akkurat det bussjåføren gjorde i dag. Etter intens venting på et kaldt busstopp så eg bussen kjøre rundt svingen. Og kva var synet som møtte meg?Jo, vi ser ein buss, som for harde livet prøver å bremse seg nedover bakken.

SklieSå glatt var det. Minst!

Så, kjære bussjåfør på rute 20. Du veit at ruta di berre går opp og ned. Når det då er is, eg burde ikkje ein gong trenge å sei dette, er det lurt med kjetting på dekka. Høyrer du? BRUK KJETTING, FOR POKKER!
Det skal også nevnes at eg sprang inn i klasserommet rett før læraren lukka døra. Vanligvis har eg 10 minuttar før timen startar.

Over til noko anna.

Vi har alltid fritime 2 time på tysdagar. For ein gongs skuld brukar vi den på lekser i staden for gruppesamtalar på msn og latterkrampar over ting som nok aldri ser dagens lys. Men sidan eg er blakk og dei andre har pengar går dei på butikken (Kongsbakkens kjære Ema), mens eg sitt igjen åleine. Takk for at de er glad i meg liksom!
Då hjelper det å ha disse på ei speleliste på Spotify:

No burde vi klare å fullføre ei naturfagsinnlevering. I eit mislykka forsøk på å skrive den i forrige uke var resultatet dette:

Eg er den stolte andreplass i venninnegjengen. Rekorden er på 3.0.

Og KVIFOR må det komme så mange kjekke 3. klassegutar på mediateket i matfri! Goodbye konsentrasjon!

jan 18

NÅLK – ei oppleving for livet!

Posted on mandag, januar 18, 2010 in Kvardagen

Igjen har NÅLK levd opp til alle forventingar.

Men kva er då NÅLK?
NÅLK er Laget i Nord sin nyttårsleir som i år var på Soltun fhs. utanfor Harstad. Der samles ungdommar frå heile Nord-Noreg til ei fantastisk nyttårsfeiring, i tillegg til bibeltimar, nye vener og ikkje minst JESUS!

Det som er så flott med Laget sine leirar, er at dei er gjennomførte på alle plan, dei ordnar i tillegg transportmåtar for alle som skal komme. Det gjorde at alle dei frå Troms og Finnmark (okei, berre Alta) tok buss dagen før det starta, slik at dei både sparte penger OG fekk seg ein sosial tur dit også. Det enda faktisk opp med at eg så fram til ein 5 timars busstur frå Tromsø til Evenskjer (der Soltun ligg), og det skal eg sei deg, det skjer ikkje ofte!


Folk ofra seg for misjonen (Bridgebuilders) – I dette tilfellet, meg og ei vennninne sa ja til å få fingrane til ein anna i øyret /
Søteste Gjertrud

Heile leiren var stappa full av fantastiske folk frå 8. klasse til 3 vidaregåande (også omtalt som Krussen, sidan dei ville vere Kruss i staden for vanleg Russ). Det var bibeltimar kvar dag med små grupper etterpå der vi snakka om det dei snakka om på bibeltimen (Of course!), kveldsmøte med andakt, lovsong og forbøn, og den beste nyttårsfeiringa man kan sjå for seg. Deilig middag og dessert, hysterisk morosam underhaldingskveld, nyttårsgudstjeneste, DIIIIIGERT kakebord og nyttårsturnering. Aaaah.. Me like!

Barske Menn viste historia om Moses på 5 minuttar /Lagsleir.com

Etter ein dag og ei våkenatt utan ordentlig mat (mi skuld alt saman!), og ein busstur med fantastiske folk og høgtlesing frå boka “bæsj” var det ikkje vanskelig å få sove, men det er fyrst no  eg “endelig” har fått bort den tomme følelsen eg alltid sitt på og den hese “NÅLK-stemmen” eg alltid har etterpå. For to veker sidan var eg i tillegg for å sjå Bragerevyen (revyen på skulen min) og det var ikkje i nærheita så artig som en brøkdel av underhaldinga på NÅLK. Det seier vell litt?


Copyright © 2010 - Johanne sitt nedslagsfelt
Drives av Patrick Leisegang     Protected by Akismet     Lag din egen blogg
Blogglisten