Om meg
Eg heiter Johanne, er 16 år og kjem frå det wannabekalde nord, type Tromsø.
Som ein kristen, Facebookavhengig bloggnørd med ei påstarta samling av strikkepinnar, blir blogginga mi deretter. Lista over bøker som skal leses og som har blitt lest blir også berre lengre og lengre. Eg foretrekker å ha eit smil om munnen, sjølv om eg er av dei uheldige som lett blir sur for ingen ting (flott!). Eg er hekta på alle søte og fine ting og februar er den beste månaden i året sidan den som oftest både har sol OG snø innabords. Fantastisk!
I tillegg til å site heime mesteparten av tida eg ikkje er på skulen og bruke tida mi på blogg, garn og rare tankar er eg også aktiv i både 4H og Noregs kristelige student- og skuleungdomslag. Ingen skal komme til meg å sei at eg ikkje har engasjement (det er berre gravd langt, langt ned).
Men kvifor blogger eg? Nei, ærlig talt så veit eg ikkje heilt. Det starta for eit år sidan som ein “eg vil også ha blogg”-følelse, og her er eg fortsett – med ein blogg som er stappa med alt eg driv med i kvardagen. Eg håpar du finn noko som interesserar deg også og vær for all del ikkje redd for å gje ein lyd frå deg!

