NÅLK – ei oppleving for livet!
Igjen har NÅLK levd opp til alle forventingar.
Men kva er då NÅLK?
NÅLK er Laget i Nord sin nyttårsleir som i år var på Soltun fhs. utanfor Harstad. Der samles ungdommar frå heile Nord-Noreg til ei fantastisk nyttårsfeiring, i tillegg til bibeltimar, nye vener og ikkje minst JESUS!
Det som er så flott med Laget sine leirar, er at dei er gjennomførte på alle plan, dei ordnar i tillegg transportmåtar for alle som skal komme. Det gjorde at alle dei frå Troms og Finnmark (okei, berre Alta) tok buss dagen før det starta, slik at dei både sparte penger OG fekk seg ein sosial tur dit også. Det enda faktisk opp med at eg så fram til ein 5 timars busstur frå Tromsø til Evenskjer (der Soltun ligg), og det skal eg sei deg, det skjer ikkje ofte!
Folk ofra seg for misjonen (Bridgebuilders) – I dette tilfellet, meg og ei vennninne sa ja til å få fingrane til ein anna i øyret /Søteste Gjertrud
Heile leiren var stappa full av fantastiske folk frå 8. klasse til 3 vidaregåande (også omtalt som Krussen, sidan dei ville vere Kruss i staden for vanleg Russ). Det var bibeltimar kvar dag med små grupper etterpå der vi snakka om det dei snakka om på bibeltimen (Of course!), kveldsmøte med andakt, lovsong og forbøn, og den beste nyttårsfeiringa man kan sjå for seg. Deilig middag og dessert, hysterisk morosam underhaldingskveld, nyttårsgudstjeneste, DIIIIIGERT kakebord og nyttårsturnering. Aaaah.. Me like!
Barske Menn viste historia om Moses på 5 minuttar /Lagsleir.com
Etter ein dag og ei våkenatt utan ordentlig mat (mi skuld alt saman!), og ein busstur med fantastiske folk og høgtlesing frå boka “bæsj” var det ikkje vanskelig å få sove, men det er fyrst no eg “endelig” har fått bort den tomme følelsen eg alltid sitt på og den hese “NÅLK-stemmen” eg alltid har etterpå. For to veker sidan var eg i tillegg for å sjå Bragerevyen (revyen på skulen min) og det var ikkje i nærheita så artig som en brøkdel av underhaldinga på NÅLK. Det seier vell litt?



Be the first to comment.