Tysdagsmorgon
Eg har lyst på is. Vi har det i frysaren. Ute er det vind og snø og eg kjem til å bli kald på nasen når eg går til bussen, så eg har ikkje lyst på det meir. Eg har lyst på godteri. Sjokolade! Men nei Mamma, eg skal ikkje ta dei to sjokoladeplatene som ligg i skapet, for dei skal du og dei andre 4H’arane bruke når de skal lage dessert på Torsdag.
No et eg eple.
Fyrste dag etter vinterferien <3
Sånn så det ut utanfor trappa i dag tidlig. Bildet beskriv forsåvidt ikkje kor mykje vatn det faktisk var, sidan det fylte heile gata, og tru meg, i går var det verre!

Bilete tatt gjennom romvindauget mitt er best! (hjarte, hjarte, hjarte, hjarte)
Starten av dagen i dag gjekk til å gå ved sidan av eit verdshav (det utanfor døra), plaska meg gjennom fleire med dei rosa blomsterstøvlane mine, seilt over eit par med bussen (sjølvsagt utan kjetting) og sett på at heile Tromsøs befolkning har balansert seg rundt i byen. Underholdning nok for meg!
Eg har evna til å få folk til å kjede hybelkaninar på seg av alt pratet mitt, og derfor skal eg berre nevne superkjempekort at vi hadde styremøte i Stakken 4H i dag. Gøygøygøy! Næææææt! På plakaten stod det planlegging av Storkurs 2010, og etter å ha vore på møte i over ein time, tok eg meg sjølv i å lure på korleis nokon i det heile tatt tørr å la oss arrangere noko slikt.
Forresten
Ei av dei som har bidratt til at dagen min har blitt fylt med latter. For ja Karianne, ein må berre flire når ein ser at nokon har lagt frå seg batteriet til pc’en utan å leggje merke til det sjølv! Ho var forresten ein av dei som datt.
BERRE EIN SISTE TING ! (Ja Mamma, no kjem det!)
For rundt to år sidan, strikka eg (sjokk) eit babyteppe. Det var med perlestrikk og diverse mønster og eg blei veldig førnøyd. Det har lege i ei skuff, heilt til for to veker sidan, fordi eg fann ut at eg skulle få det vaska og sendt ned til ei tante som venter smått. Hei, tante Solveig! Mamma vaska det, ho seier sjølv at ho er flau.
Eg har fått meg noko som ser ut som ei blanding mellom ei dørmatte og eit handkle.

Mønsteret ser man nestan ikkje lengre.

Og eg har litt problem med å sjå forskjellen mellom teppet og handduken til brodern.

(Mamma, eg er fortsett glad i deg)
Eit kort innblikk i alt det som har fått meg i fantastisk godt humør i dag. På toppen av kransekaka fekk eg vite at eg ikkje startar på skulen før klokka kvart på ett i morgon (eg lovar, eg jubla og hoppa og lo til eg fekk vondt i kjeven og knea!).
Korleis var din dag?
OG: Hurra for kvinnfolket!
Kvardagsproblem
Når eg må ta på meg vanlige sko fordi eg ikkje får opp glidelåsen på støvlettane om morgonen veit eg to ting:
1. At eg fraus når eg sto opp og dermed kledde på meg alt for tykke lester.
Eg veit at støvlettane er fôra, men det er noko eg ikkje tenker på når eg kler på meg. “Berre” 10 minus ute i dag forresten.
2. At eg ikkje har tid til å skifte lester, fordi eg allereie er for seint ute til bussen.
Eg har faktisk sprunge til bussen kvar dag den her veka. Skikkelig gøy!
Sånn berre for å eit bilete med. Eg går aldri på her, sidan eg då kjem på ein buss som går feil veg.
Eg er ikkje sjuk, berre veldig, veldig sliten!
Ein liten brøkdel av rotet mitt nett no. Det har fulgt meg rundt i huset dei siste dagane, og fyrst no har eg “flytta” inn til resten av rotet på rommet.
Kvifor rydder eg ikkje? Fordi eg ikkje orker.
Ja, for det er faktisk ein grunn til at eg ikkje blogger. Ein grunn til at eg ikkje får gjort noko med alle ideane som flakser rundt i hovudet mitt (ja, dei flakser faktisk. Lager skrekkelig mykje lyd også!). Det er også ein grunn til at eg ikkje får dratt på skulen, eller gjort leksene mine. Joda – leksene blir gjort. Det berre tar fleire dagar (eg eiger ikkje konsentrasjon lenger). Det er ein grunn til at eg har dratt ei kvit løgn på fraværsregistreringa mi og sagt at eg har vondt i hovudet i staden for å sei kva som faktisk feiler meg. Korleis kan eg sei kva som feiler meg, når eg ikkje veit det sjølv? Å si at man er sliten er ingen gyldig grunn. Då tenkjer læraren at man ikkje må gjere så mykje på fritida slik at man blir sliten. Slutte å farte så ekstremt mykje rundt i helgene og heller fokusere på å ha nok energi til skuledagen. Eg kunne godt droppa alle dei tingane for å bli opplagt igjen og få meir energi. Einaste hindring er at eg ikkje gjer noko på fritida. Eg har virkelig eit liv altså! Eg sit på dataen, eg strikkar, eg høyrer litt på musikk, eg slapper av, eg eter, eg sover og eg dusjer. Kanskje eg skal slutte å dusje?
Formen var langt nede for eit par veker sidan, eg blei frisk - trudde eg – men formen blei skrall igjen i løpet av forrige veke. Eg har til tider vore så sliten at eg hadde lyst til å synke gjennom golvet. Eg har desverre funnet ut at DET, det går ikkje.. Så sliten at det gjer vondt. Og det funker ikkje å slappe av akkurat. Heile Laurdagskvelden blei brukt til å ha skrekkelig vondt i knea og Sundag var så ille at eg hadde mest lyst til å dø. STAS!
Mandagen blei brukt til legebesøk (eg orka ikkje noko anna). Han fann ingen ting. Formen er kanskje på veg oppover no (sjølv om eg er sinnsjukt sliten), men eg er veldig redd for at eg blir dårligare om eg finn på noko sprell. Laurdagen blei også brukt til slalom(Fy Johanne!) – det kjende eg VIRKELIG på kroppen etterpå! Det er for eksempel ein leir på Soltun som eg godt kunne tenke meg å dra på. Eg veit ikkje om eg burde.
Kva enn eg ender opp med så skal eg i hvertfall bruke størstedelen av vinterferien på å ladde opp til tida etter ferien. Eg vil heller ha det gøy og ikkje tenke på helsa!
Men uansett.
Korleis har du det i dag?
Rett i krysset
(Vakre ordspel altså!)
I mangel på noko anna, prøver eg å gjenta gårsdagens suksess. Eller – eg inbiller meg at det var ein suksess i hvertfall! Denne gongen skal du tenke deg tilbake 1 veke, 4 timer og 15 minutt. Kva skjedde da? Jo dette:
Eg kjem sterkare tilbake.. snart.!
“FOMP”
Tenk deg tilbake i til. Nøyaktig ei veke, sju timar og 7 minutt. Kva gjorde du då?
Her er kva som skjedde med meg!
Dette skjedde heldigvis ikkje i dag, for det er is overalt. I staden kan eg tenke tilbake på det koseligste fallet eg nokon gong har opplevd!
Det er jo berre ein Søndag..
Dagen i dag har kanskje blitt vidd meir til mamma enn vanlig og vi har kanskje meire sleik enn overhodet nødvendig, men hallo! Fastelavnssøndag og morsdag er til for å markerast! (Så lenge eg ikkje har ein utkåra i livet mitt, overser eg valentinsdagen og lar verda gå som vanlig). Forresten – eg veit ikkje kvifor vi feirer fastelavn. Då gjer eg som pappa og bruker Wikipedia.
Fastelavn (frå mellomplattysk vastel-avent) er veka før faste. Tidlegare vart nemninga brukt på kvelden før fasta, som byrjar oskeonsdag. Deretter vart ho utvida til å omfatte heile fastelavnssøndag, blåmandag og feittysdag, og seinare altså til ei heil veke.
Kjelde: wikipedia.org
Ååååja. Då har vi lært noko nytt i dag og!
I utgangspunktet skulle eg ha ei vekesoppdatering no, men eg er trøytt og vil sove, så den kjem i morgon (eg fatter ikkje at eg faktisk skriver dette – men nokon gonger må man vell få lov til å sjokkere seg sjølv?).
Mi helg har vore flott – og eg håper at di har vore like fantastisk!
Meg? Vikar? Konfirmantar? Oi!
Eg trur eg tok meg mange tusen liter vatn over hovudet når eg sa eg kunne vere vikar og ha konfirmasjonsundervisninga for ei gruppe konfirmantar i menigheita på Onsdag. Ekstremt mange tusen!
Eg var nok i ekstase – for at menigheita endelig hadde tatt kontakt og spurt om eg ville bidra med noko. For etter å ha søkt om støtte til å dra på NÅLK, fekk eg (for fyrste gong sjølv om eg har vore på fire leirer OG fått støtte) eit brev der dei sa at eg kunne få støtte og at dei gjerne ville at eg skulle bidra med noko om eg kunne. Det er det eg har hatt mest lyst til sidan før eg blei konfirmert (og det er faktisk to år sidan no. Oi, eg er jo snart gamal!), men eg burde nok hatt nokon som kunne komme å be meg om å roe meg ned eller noko!
At eg hadde eit stort basseng med vatn i ein tynn tråd over meg, gjekk ikkje opp for meg før eg satt i gangen i kjerka, i ein haug med lekser (som fortsett ikkje er gjort), og prøvde å tenke på korleis eg skulle sei ting. Jesus som frelsar var temaet eg fekk. Ikkje lite altså. Størelsen på temaet gjekk heller ikkje opp for meg før eg satt der (og stappa i meg kjeks som eg hadde som niste. Flink til å pakke nok matpakke? JESS, alltid!).
I løpet av veka var nok det det eg ba mest om og hadde Gud hadd ein spam-boks i “bønneinnboksen” sin, hadde nok den blitt fyllt til randen i løpet av den siste halvtimen før timen starta. Eg har ALDRI vore så nervøs for noko før.!
Eg gjorde mitt beste, men var relativt frustrert når eg gjekk ut av rommet etterpå. Forventingane mine veit eg at var høge, og sjølvsagt oppfylte eg ikkje mine eigne krav. Eg sa ingenting på den måten eg ville sei det, og eg kan ikkje akkurat sei at konfirmantane var særlig samarbeidsvillige heller. To snakka som ein foss, og resten stirra tomt ut i lufta. Nei, Johanne – den der var slem! Ikkje alle så ut i lufta. I ettertid innser eg at flesteparten fulgte med – det var berre eg som ikkje så dei (sjølvsagt gjorde eg det eg var mest redd for at eg skulle gjere!). Eg ser også at eg faktisk sa det på ein bra måte, det berre var ikkje heilt som planlagt.
Vatn over hovudet eller ikkje, dette er absolutt noko eg har lært av. Eg har lært meir om korleis eg kan fortelje om Jesus til folk og eg har også lært meir om meg sjølv og mine forventingar til ting. Eg er normalt ikkje redd for å dumme meg ut – men eg er livredd for at det skal skje mens eg snakkar om Gud til folk som kanskje ikkje er kristen. Eg veit kva eg kan bli betre på og kan no i ettertid faktisk tenke meg å gjere det igjen. Det til tross for at eg var meir nervøs enn ein.. ja.. eg kjem ikkje på noko nett no.
Kva med deg? Kva har du lært om deg sjølv den siste veka?
Ny Facebook – spenning i kvardagen!
Eg synes det er like artig kvar gong Facebook endrer på design og funksjonar. For ja, som ein sjølvdiagnostisert Facebook-avhengig er dette noko som også opptar meg. I mi Facebooktid har Facebook endra drastisk på designet sitt heile 3(4? Hugser ikkje heilt..) gonger, og kvar gong skjedde det samme.
Eg treng vell ikkje ein gong gje eksempel? Men eg gjer det uansett. Statusoppdateringar om kor stygt det er og at det forrige var mykje betre, og øyeblikkelig laging og påmelding inn i grupper dedikert til dette (men sidan det har vore ein heil haug med forandringar, kor mange sånne grupper finnes det eigentleg?). Merkelig nok skjedde dette forrige gong Facebook blei endra også.
I år var det meir spenning rundt det for min del i hvertfall. For gjett kven som ikkje fekk det nye designet med ein gong? Jo, meg. Folk klaga, eg lo, folk meldte seg inn i grupper, eg himla med auga, folk sa dei ikkje ville ha Facebook meir, og eg sa at det kom aldri til å skje.
For min del var det ei positiv overrasking når designet kom på plass hjå meg. Etter 30 sekundar med undersøking fann eg alle dei viktigaste funksjonane og fortsette livet mitt på samme måte som før.
For å sitere meg sjølv:
For oss som ikkje bryr oss er forandringene på Facebook ein artig affære, for dei som er firkanta og ikkje vil ha endringer i kvardagen ein sorg. Så frå meg til dei sistnevnte: Get over it!
Sjukdom – ein sann inspirasjonsdreper!
Btw. Dette var jo nesten litt gøy jo.!










