Strikkeprat: Lue til brodern
Brodern trengte lue (trengte og trengte fru Blom) og rett før jul tenkte eg at det ville vere ein super ide å strikke ei til han i julegåve. Sjølvsagt blei den ikkje ferdig (eg starta lille julaften), og eg brukte i staden juleferien på å strikke den. Nei, han legg ikkje merke til kva eg strikker så han han blei litt overraska når eg kom med den. (Hæhæhæ, det var gøy!)
Som ein trofast fan av Garnstudio, er det nok ikkje eit sjokk at lua er inspirert av Flaggluene derfra. Strikka med rundpinne nr 3.5 i eit eller anna garn som det sto 100% ren ull på. (Eg har kanskje ekstreme vanskeligheiter for å kaste de greiene som er rundt garnnystet til vanlig – men denne gongen har eg klart å kaste bort begge to! Flott!) Veldig enkel og ekstremt kjapp. Warning! Du får floke på garnet etter kvart!
Edit: Eg gløymde heilt å nevne at eg hekla ein kant med svart etterpå, sidan eg var totalt korka og ikkje gjorde dei doble trådane i oppskrifta lang nok slik at eg kunne feste dei. I staden måtte eg hekle dei inn. Eigentlig var det bra, for den blei alt for vid uten! Men uansett!)
Han har i hvertfall brukt den mykje (som no i vinterferien) og det varmer godt i eit storesysterhjarte. Åh, eg trur eg byrjer å bli gamal!
Mmmjah. Det skal også nevnes at den var kjedelig å strikke, så noko lignande blir nok aldri lagd igjen!
Fyrste dag etter vinterferien <3
Sånn så det ut utanfor trappa i dag tidlig. Bildet beskriv forsåvidt ikkje kor mykje vatn det faktisk var, sidan det fylte heile gata, og tru meg, i går var det verre!

Bilete tatt gjennom romvindauget mitt er best! (hjarte, hjarte, hjarte, hjarte)
Starten av dagen i dag gjekk til å gå ved sidan av eit verdshav (det utanfor døra), plaska meg gjennom fleire med dei rosa blomsterstøvlane mine, seilt over eit par med bussen (sjølvsagt utan kjetting) og sett på at heile Tromsøs befolkning har balansert seg rundt i byen. Underholdning nok for meg!
Eg har evna til å få folk til å kjede hybelkaninar på seg av alt pratet mitt, og derfor skal eg berre nevne superkjempekort at vi hadde styremøte i Stakken 4H i dag. Gøygøygøy! Næææææt! På plakaten stod det planlegging av Storkurs 2010, og etter å ha vore på møte i over ein time, tok eg meg sjølv i å lure på korleis nokon i det heile tatt tørr å la oss arrangere noko slikt.
Forresten
Ei av dei som har bidratt til at dagen min har blitt fylt med latter. For ja Karianne, ein må berre flire når ein ser at nokon har lagt frå seg batteriet til pc’en utan å leggje merke til det sjølv! Ho var forresten ein av dei som datt.
BERRE EIN SISTE TING ! (Ja Mamma, no kjem det!)
For rundt to år sidan, strikka eg (sjokk) eit babyteppe. Det var med perlestrikk og diverse mønster og eg blei veldig førnøyd. Det har lege i ei skuff, heilt til for to veker sidan, fordi eg fann ut at eg skulle få det vaska og sendt ned til ei tante som venter smått. Hei, tante Solveig! Mamma vaska det, ho seier sjølv at ho er flau.
Eg har fått meg noko som ser ut som ei blanding mellom ei dørmatte og eit handkle.

Mønsteret ser man nestan ikkje lengre.

Og eg har litt problem med å sjå forskjellen mellom teppet og handduken til brodern.

(Mamma, eg er fortsett glad i deg)
Eit kort innblikk i alt det som har fått meg i fantastisk godt humør i dag. På toppen av kransekaka fekk eg vite at eg ikkje startar på skulen før klokka kvart på ett i morgon (eg lovar, eg jubla og hoppa og lo til eg fekk vondt i kjeven og knea!).
Korleis var din dag?
OG: Hurra for kvinnfolket!
Vekas Strikkeprat II
Og no var det tid for litt strikkenerding igjen. Det har fyrst no gått opp for meg at eg er strikkegal. Ikkje berre strikkeinteressert, men rett og slett strikkegal!
I tillegg til andre rariteter som lester og skjerf, har eg fått dilla på pulsvarmare. Og det er ikkje snakk om pulsvarmare av tjukt garn og tjukke pinnar – her er det snakk om DROPS Alpaca (<3) med pinnestørelse 3. No problemo für moi!
Eg liker oppskrifter med eit mønster som lett sett seg i hendene og som gjer at man kan strikke det utan eit mønster forran seg (type TV, skulen, på besøk og kanskje på bussen). Det som også er fint med pulsvarmarar er at du ser framgangen så fort. Ikkje noko negativt for meg som synes det blir ekstra artig da. Dei rosa strikka eg på eit par dagar – det blir så idiotisk å sei dagar, sidan eg ikkje har site konstant å strikka og har strikka på andre ting i tillegg! – , mens dei kvite tok ei veke (fordi eg ikkje hadde tid eller energi til det akkurat da -strikkeabstinenser er ikkje gøy-).
I samme slengen som at eg vil anbefale oppskrifta og alt det der, vil eg nemne at eg endelig har fått kjøpt meg strikkepinner i Bambus – og eg kan sei allereie no: det blir ikkje dei siste. Himmel på jord å bruke dei! Og forresten, de burde legge meg inn på mentalt sjukehus eller noko. For på leiting etter Alpacagarn i lys rosa (ikkje griserosa), kvit og lyse blå og grønn-nyansar (eg har fått ei stor bestilling på Pulsvarmarar faktisk, eg er ikkje verdens største fan av rosa akkurat), blei eg lett (les: veldig) frustrert når eg så at hylla med Alpacagarn nesten var tom.
Siste skrytebilete no før eg avslutter. No skal eg vende tilbake til strikkinga (i staden for å lese om universet i naturfag) og kanskje høre litt til på Harry Potter.
Neste veke blir det eit gedigent sokkeangrep frå meg. Etter ein stor sokkeshoot (hahaha), så eg at alle bileta sjølvsagt var ute av fokus eller for mørke og dermed heilt ubrukelege.
Sjukdom – ein sann inspirasjonsdreper!
Btw. Dette var jo nesten litt gøy jo.!
Prøvemuntlig mm.
Nå har “eksamenskjøret” offisiellt startet.
Hvor lenge kan man klare å snakke om naturalismen?
Ikke så veldig lenge faktisk. Det er ikke så veldig mye å si om den. Heldigvis skal jeg snakke om noveller også, og da hadde jeg en fantastisk mulighet til å trekke noen søte linjer mellom et eksempel på en novelle og naturalismedelen av fremlegget. Jeg er stolt over oppfinnsomheten min.
I morgen skal jeg snakke med Rolf-Erik om fremlegget mitt og han skal forsikre seg om at jeg ikke er helt på jordet med det jeg skriver.
I går rydda jeg rommet. I tre hele timer.. Okei, hoveddelen tok bare 1 time, men så fant jeg ut at jeg også må rydde i skuffer og skap, og det tok litt lenger tid enn planlagt. Jeg sover utrolig godt om natta med ryddig rom.. ![]()
Jeg og de andre store i klubben var på Bowling i dag. Det var nais, selv om jeg veldig lett blir sur på Øystein. Han er dum..
På bowlinga hadde vi bane ved siden av to gutter.. De var relativt over gjennomsnittlig kjekk..
Jeg har ingen strikkeprosjekt..










