Archive for the 'Handarbeid' Category

Strikkeprat: Votteboom!

15/03/2010

Eg har prøvd å begrense meg. Eg har vore bestemt på at eg ikkje skulle bombardere dykk med alt det eg lagar. Det må jo bli kjedelig i lengda. Vell.. Sidan alt som går rundt i hovudet på meg er garn, oppskrifter, korleis gjere dei perfekte og kva eg skal strikke på i morgon, er eg NØDT til å få noko ut her. For hallo, hovudet mitt er ikkje langt frå å eksplodere! Men nei, eg kjem ALDRI til å omtale Nedslagsfeltet mitt som ein strikkeblogg. ALDRI!

Rett før vi dro til Senjahopen i vinterferien fekk eg meg eit par nye vottar. Eller, eg STRIKKA meg eit par nye vottar. Dei fleste har sett selbuvottar og vottar frå histen og pisten, men ikkje så mange har hørt om Kvænangsvottar. Eg snappa til meg eit hefte med oppskrifter hjå naboen for eit år sidan, og eg måtte jo prøve det etter kvart. Korleis dei ser ut? Sjå da:

Kvænangsvottar

Dei er designa av ei Marie Mikkelsen frå Burfjord (hurra for Marie Mikkelsen – eg elskar vottane!) og er skikkelig enkle å strikke. Dei er skikkelig varme også! Det har kanskje også noko med at dei er strikka i Østlandsgarn – 100% ullgarn kjøpt på Nille (<3<3). Det garnet er også perfekt å tove med, og det gjer at dei blir tova i bruk.

Vidare på Kvænangsvottefronten strikka eg eit par i går (ja, berre i går) som eg allereie har fått klår beskjed frå pappa om at han ønsker seg eit par av.

Kvænangsvottar

Designa av Regine Bjerkås frå Burfjord (eg MÅ gje skryt til dei som fortjener det – uansett om dei veit om det eller ikkje!). Artige å strikke og flotte å sjå på! Det er nestan så eg tar dei sjølv. Strikka i mitt faste vottegarn – Østlandsgarn frå Gjesdal (altså fabrikken – dei blir seld på Nille).

No i helga fekk eg meg enda eit par vottar (høhø – ups. Kremt.). Det var frå ei bok (boka Selbuvotten) eg fekk av mamma for eit par veker sidan. (Eg lovar at eg skal snakke meir om den ein anna gong.!)

Selbuvottar

Strikka i Senjagarn frå Gjesdal – fås kjøpt på Nille. Eg skal ikkje skryte av å ha veldig mykje å gjere på Fredag og Laurdag – det gjorde at eg blei ferdige med dei dagane. Det er mykje tynnare garn enn Østlandsgarn, og det gjer at mønsteret er mykje meir detaljert. Tar kanskje lengre tid å strikke, men det er ikkje noko eg legger merke til mens eg held på (berre etterpå, når eg ser på klokka og ser at ho er langt over leggetid).

Selbuvottar

Og så to par klassiske selbuvottar strikka etter oppskrift frå eit Raumahefte (som eg må hugse å reparere – det er berre lause ark). Like morosamt som alltid – og blir fort ferdig.

Selbuvott

Ja – Østlandsgarn no også

Selbuvottar

Det er ikkje noko bra av dei kvite og svarte, sidan dei allereie er pakka ned i ein konvolutt til ei flott jente som ville kjøpe dei av meg.

Forresten, dei svarte selbuvottane og dei svarte Kvænangsvottane er til salgs, så det er berre å gje frå deg ein lyd om du er interessert. Om du vil bestille noko (altså sei i frå at du har lyst på noko, slik at eg kan strikke det spesielt til DEG), enten noko som er her inne eller ei oppskrift du har funne sjølv, er det også berre å rope pip!

Strikkeprat: Lue til brodern

11/03/2010

Brodern trengte lue (trengte og trengte fru Blom) og rett før jul tenkte eg at det ville vere ein super ide å strikke ei til han i julegåve. Sjølvsagt blei den ikkje ferdig (eg starta lille julaften), og eg brukte i staden juleferien på å strikke den. Nei, han legg ikkje merke til kva eg strikker så han han blei litt overraska når eg kom med den. (Hæhæhæ, det var gøy!)

Lue

Som ein trofast fan av Garnstudio, er det nok ikkje eit sjokk at lua er inspirert av Flaggluene derfra. Strikka med rundpinne nr 3.5 i eit eller anna garn som det sto 100% ren ull på. (Eg har kanskje ekstreme vanskeligheiter for å kaste de greiene som er rundt garnnystet til vanlig – men denne gongen har eg klart å kaste bort begge to! Flott!) Veldig enkel og ekstremt kjapp. Warning! Du får floke på garnet etter kvart!

Edit: Eg gløymde heilt å nevne at eg hekla ein kant med svart etterpå, sidan eg var totalt korka og ikkje gjorde dei doble trådane i oppskrifta lang nok slik at eg kunne feste dei. I staden måtte eg hekle dei inn. Eigentlig var det bra, for den blei alt for vid uten! Men uansett!)

Lue

Han har i hvertfall brukt den mykje (som no i vinterferien) og det varmer godt i eit storesysterhjarte. Åh, eg trur eg byrjer å bli gamal!

Lue

Mmmjah. Det skal også nevnes at den var kjedelig å strikke, så noko lignande blir nok aldri lagd igjen!

Fyrste dag etter vinterferien <3

08/03/2010

Sånn så det ut utanfor trappa i dag tidlig. Bildet beskriv forsåvidt ikkje kor mykje vatn det faktisk var, sidan det fylte heile gata, og tru meg, i går var det verre!

Vatn i gata
Bilete tatt gjennom romvindauget mitt er best! (hjarte, hjarte, hjarte, hjarte)

Starten av dagen i dag gjekk til å gå ved sidan av eit verdshav (det utanfor døra), plaska meg gjennom fleire med dei rosa blomsterstøvlane mine, seilt over eit par med bussen (sjølvsagt utan kjetting) og sett på at heile Tromsøs befolkning har balansert seg rundt i byen. Underholdning nok for meg!

Eg har evna til å få folk til å kjede hybelkaninar på seg av alt pratet mitt, og derfor skal eg berre nevne superkjempekort at vi hadde styremøte i Stakken 4H i dag. Gøygøygøy! Næææææt! På plakaten stod det planlegging av Storkurs 2010, og etter å ha vore på møte i over ein time, tok eg meg sjølv i å lure på korleis nokon i det heile tatt tørr å la oss arrangere noko slikt.

Forresten

Karianne <3
Møt Karianne.!

Ei av dei som har bidratt til at dagen min har blitt fylt med latter. For ja Karianne, ein må berre flire når ein ser at nokon har lagt frå seg batteriet til pc’en utan å leggje merke til det sjølv! Ho var forresten ein av dei som datt.

BERRE EIN SISTE TING ! (Ja Mamma, no kjem det!)

For rundt to år sidan, strikka eg (sjokk) eit babyteppe. Det var med perlestrikk og diverse mønster og eg blei veldig førnøyd. Det har lege i ei skuff, heilt til for to veker sidan, fordi eg fann ut at eg skulle få det vaska og sendt ned til ei tante som venter smått. Hei, tante Solveig! Mamma vaska det, ho seier sjølv at ho er flau.

Eg har fått meg noko som ser ut som ei blanding mellom ei dørmatte og eit handkle.
Dørmatte?

Mønsteret ser man nestan ikkje lengre.
Kor er mønsteret?

Og eg har litt problem med å sjå forskjellen mellom teppet og handduken til brodern.
Handduk vs babyteppe

(Mamma, eg er fortsett glad i deg)

Eit kort innblikk i alt det som har fått meg i fantastisk godt humør i dag. På toppen av kransekaka fekk eg vite at eg ikkje startar på skulen før klokka kvart på ett i morgon (eg lovar, eg jubla og hoppa og lo til eg fekk vondt i kjeven og knea!).

Korleis var din dag?

OG: Hurra for kvinnfolket!

Vekas Strikkeprat II

08/02/2010

Og no var det tid for litt strikkenerding igjen. Det har fyrst no gått opp for meg at eg er strikkegal. Ikkje berre strikkeinteressert, men rett og slett strikkegal!

I tillegg til andre rariteter som lester og skjerf, har eg fått dilla på pulsvarmare. Og det er ikkje snakk om pulsvarmare av tjukt garn og tjukke pinnar – her er det snakk om DROPS Alpaca (<3) med pinnestørelse 3. No problemo für moi!

Pulsvarmer

Oppskrift

Pulsvarmer

Eg liker oppskrifter med eit mønster som lett sett seg i hendene og som gjer at man kan strikke det utan eit mønster forran seg (type TV, skulen, på besøk og kanskje på bussen). Det som også er fint med pulsvarmarar er at du ser framgangen så fort. Ikkje noko negativt for meg som synes det blir ekstra artig da. Dei rosa strikka eg på eit par dagar – det blir så idiotisk å sei dagar, sidan eg ikkje har site konstant å strikka og har strikka på andre ting i tillegg! – , mens dei kvite tok ei veke (fordi eg ikkje hadde tid eller energi til det akkurat da -strikkeabstinenser er ikkje gøy-).

Pulsvarmer

I samme slengen som at eg vil anbefale oppskrifta og alt det der, vil eg nemne at eg endelig har fått kjøpt meg strikkepinner i Bambus – og eg kan sei allereie no: det blir ikkje dei siste. Himmel på jord å bruke dei! Og forresten, de burde legge meg inn på mentalt sjukehus eller noko. For på leiting etter Alpacagarn i lys rosa (ikkje griserosa), kvit og lyse blå og grønn-nyansar (eg har fått ei stor bestilling på Pulsvarmarar faktisk, eg er ikkje verdens største fan av rosa akkurat), blei eg lett (les: veldig) frustrert når eg så at hylla med Alpacagarn nesten var tom.

Pulsvarmer

Siste skrytebilete no før eg avslutter. No skal eg vende tilbake til strikkinga (i staden for å lese om universet i naturfag) og kanskje høre litt til på Harry Potter.

Neste veke blir det eit gedigent sokkeangrep frå meg. Etter ein stor sokkeshoot (hahaha), så eg at alle bileta sjølvsagt var  ute av fokus eller for mørke og dermed heilt ubrukelege.

Sjukdom – ein sann inspirasjonsdreper!

07/02/2010

Innlegg 07/02-10 del 1
Innlegg 07/02-10 del 2

Btw. Dette var jo nesten litt gøy jo.!

Prøvemuntlig mm.

29/04/2009

Nå har “eksamenskjøret” offisiellt startet.

I dag fikk vi vite hva vi kom opp i på prøvemuntligen og jeg klarte å prestere å komme opp i norsk. I seg selv er ikke det så ille, men jeg kunne heller tenkt meg å komme opp i engelsk, med den hensikt å få en bedre muntligkarakter.
Hvor lenge kan man klare å snakke om naturalismen?
Ikke så veldig lenge faktisk. Det er ikke så veldig mye å si om den. Heldigvis skal jeg snakke om noveller også, og da hadde jeg en fantastisk mulighet til å trekke noen søte linjer mellom et eksempel på en novelle og naturalismedelen av fremlegget. Jeg er stolt over oppfinnsomheten min.

I morgen skal jeg snakke med Rolf-Erik om fremlegget mitt og han skal forsikre seg om at jeg ikke er helt på jordet med det jeg skriver.

I går rydda jeg rommet. I tre hele timer.. Okei, hoveddelen tok bare 1 time, men så fant jeg ut at jeg også må rydde i skuffer og skap, og det tok litt lenger tid enn planlagt. Jeg sover utrolig godt om natta med ryddig rom.. :D
Jeg og de andre store i klubben var på Bowling i dag. Det var nais, selv om jeg veldig lett blir sur på Øystein. Han er dum..
På bowlinga hadde vi bane ved siden av to gutter.. De var relativt over gjennomsnittlig kjekk..

Jeg har ingen strikkeprosjekt..

Strikking..

30/03/2009

Jeg er jo som kjent HEKTA på strikking!!
Jeg strikker på skolen, hjemme, hos venner, på møter, OVERALT egentlig (ikke på bussen, enda).
I dag i tysktimen, kom læreren bort til meg å sa:
-Johanne, du er jo så glad i strikking, har du noen gang sjekket ut en strikkeblogg?
Det første jeg tenkte var: Er hun helt korka eller? Men jeg søkte opp bloggen hennes, og den var ikke SÅÅÅ ille.. Okei.. litt ille, men pytt pytt.. Hun er urgammel, man kan ikke forvente mer av en dinosaur.

Men til poenget: Strikkeblogg virker ikke såååå ille.. Sånn egentlig.. Men jeg gidder ikke lage en ny en, til det formålet. Hvis jeg føler for det, publiserer jeg kanskje noen bilder av de tingene jeg strikker, hvis det for en gangs skyld er noe annet enn lester og votter (kanskje jeg legger ut et bilde av det også? Elleeer?)

Tusen takk<3

29/03/2009

Takk Gud for:
-Laget (Og alle folkene!)
-Rognan (med alle folk som bor der)
-Tannleger (Og bedøvelse og bedøvelseskrem)
-Håndarbeid
-Tromsø Storm (som forsåvidt spiller finalekamp om 20 min)
-Team Jørn (Dere er best!!)
-Stakken 4H (VI BLE FYLKES BESTE 4H-KLUBB 2008!!! :D )
-Skolen (Og alt godt det fører med seg)
-Venner
-Tromsø (Min kjære hjemby)
-Musikk (For helsas skyld!)
-Nett-tv (Når man egentlig har noe bedre å gjøre!)
-Bøker (For å rømme fra den virkelige verden)
-Datan min (Når jeg egentlig har noe bedre å gjøre)
-At det gikk bra på Naturfags- og samfunnsfagprøven :D
-At jeg rekker bussen hver morgen (Et sannt bønnesvar!)
-NRK P3!
-Frik (Fantastisk plass å være på fredager)
-At jeg får være ditt barn <3

"Johanne sitt nedslagsfelt" leveres av Bloggbyen.com    Beskyttet av Akismet     Er noe du lurer på? Kontakt oss!     Lag din egen blogg!
New York - Hotell og flyreiser