RSS Feed

Eg holdt på å døy.

Posted on mandag, november 16, 2009 in Kvardagen

Det var swingkurs i helga. Eg elskar swing. Og de skal få vite kor mykje eg elskar det i eit eiga innlegg. Eg må berre få skreve det snart. Eg trur faktisk det kjem til å bli kjempebra! Uansett. Poenget med å nemne swingen var det at eg nesten mista bussen då eg skulle dit på laurdagen. I seg sjølv er ikkje det så ekstremt stort. JO! Poenget mitt er at eg plutselig fikk dårleg tid og hadde heller ikkje ete frukost. Og man drar ikkje på swingkurs utan mat i magen. Så der sprang eg. Med brødskiva og kvitost i handa. Eg kom fram til busstoppet og bussen var ikkje der. Okei, det var ikkje slik at eg sprang etter bussen, eg berre trudde at han hadde køyrt. Der stod eg. Ei dama forsikra meg om at den ikkje hadde køyrt. Eg kasta halve brødskiva då den ikkje var noko god lenger og tok fram vatnflaska for å slukke tørsten. Kva ellers gjer man med ei vatnflaske? No kan ikkje eg sei uansett enda ein gong fordi eg allereie har skreve det før i innlegget. Men UANSETT! Bussen kjem. Eg stappar vatnflaska fort i veska og dreg opp pengeboka. ”Stiger på bussen” og setter meg på ein av dei vanlege plassane. Oppdagar at vatnflaska var open. Lukkar den og tenkjar ikkje meir over det. Før eg kom fram. Det var litt for fuktig i veska. Eg dreg opp kameraet. Min kjære Canon 450D. Ser fort på det. Forsikrar meg om at det ikkje er øydelagt. Gjer det til Vårin, ei kjær dansevenninne som ville sjå på det, i god tru om at det ikkje var øydelagt. Ho skur det på. Og det startar å ta bilete. Av seg sjølv. Det var ikkje berre sært, men også skremmande. Utruleg skremmande. Kvar gong det blei skrudd på starta det å ta bilete. Klikka heilt mongo. Eg var på gråten. Etter å ha hatt kameraet i ein knapp månad kunne det ikkje vere ødelagt.

Neida. De treng ikkje uroe dykk. Kameraet var ikkje veldig øydelagt. Etter to dagar på badegolvet har det no nesten i perfekt stand. Skjermen er litt koko, men det må eg vell berre lære meg å leve med? Du anar ikkje kor lykkeleg eg blei då eg fann ut at det var nesten uskadd.

Eit av bileta Vårin ”tok” blei faktisk litt kul. Ja det er redigert. Max overredigert forsåvidt. Korleis skulle eg ellers få skjult alle folka i bakgrunnen som eg ikkje vil legge ut på bloggen?

Johanne

Helga har då altså brakt med seg sorgar og gledar. Den har også fortelt meg at dette aldri kjem til å bli ein blogg som http://gruo.blogg.no eller http://reidunbeate.com. Det rett og slett fordi det er alt for flaut at folk eg kjennar kan lese det. Ein ting vil eg derimot sei: Skriving er finfin terapi for dei som ikkje har noko samtalepartnar i nærmaste nærheit.

Dagens digresjon: Er det nokon som har lyst til å lage eit design til meg? <– Klisjespørsmål, I know!

Be the first to comment.

Leave a Reply


Copyright © 2009 - Johanne sitt nedslagsfelt
Drives av Patrick Leisegang     Protected by Akismet     Lag din egen blogg
Blogglisten